Hardangervidda

Hardangervidda er Nord- Europas største høyfjellsslette. I 1981 ble et større område fredet som Hardangervidda nasjonalpark.
Landskapet på Hardangervidda er meget variert. I øst preges landskapet av åpne og flate vidder, mens det i vest og sør er høye fjellrygger som stiger opp mot 1700 meter over havet. Lengst vest stuper terrenget ut mot Sørfjorden.

Berggrunnen i nasjonalparken består av grunnfjellbergarter, kalkrike skifferlag og lavabergarter. Noen steder er det dannet store rygger av grus fra smeltevannsavløp under istiden. Som følge av berggrunn og klima veksler vegetasjonen fra de vestlige til de østlige delene av vidda. Den vestre delen har mer nedbør og jevnere temperatur, slik at planteproduksjonen blir stor. Østvidda er langt mindre frodig.

Hardangervidda kjennetegnes av et rikt plante- og dyreliv, og er det sørligste området i Norge med arktisk preget flora og fauna. I tillegg opptrer sørlige, østlige og vestlige plante- og dyrearter. Over 500 plantearter er registrert, og det finnes over 100 fuglearter og 21 pattedyrarter innenfor de sentrale deler av vidda. Hardangervidda har også mange vann, bekker, elver og myrer. Hardangervidda er kjent for sine fiskerike vassdrag, og Nord-Europas største villreinstamme holder til her.

 

Hardangervidda nasjonalpark

Hardangervidda nasjonalpark er den nest største nasjonalparken i landet. Totalarealet er på 3.422 km2, av dette ligg 1.813 km2 (53%) i Hordaland. Resten av arealet ligg i Buskerud (25%) og Telemark (22%). Hardangervidda vart verna i 1981.

På grunn av storleiken og lokaliseringa reknast Hardangervidda som den norske nasjonalparken som byr på størst variasjon i plantelivet. Høgda varierer i nasjonalparken frå 260 moh i Husedalen til høgste toppen som er Sandfloeggi på 1719 moh. Austlege delen av vidda har utprega tørt klima, medan vestvidda har store lokale variasjonar i nedbøren. Berggrunnen i er hovudtrekk gneis og granitt på aust og sentralvidda. Vest på vidda finn ein meir fylitt og kalkhaldige bergartar som gir betre jordsmonn og rikare plantesamfunn.

Hardangervidda er eit unikt høgfjellsområde med særs mange kulturminne. Det er til dømes funne om lag 250 bustader frå steinalderen. Nordmannslågen er eit av kjerneområda for desse spora etter tusenårig bruk av fjellet. Restane etter fangstanlegg finn ein også mange stader på vidda. Det er villreinen som har vore hovudgrunnen til den første busettinga. Seinare kom jernutvinning av myrmalm i dalane opp mot vidda. Hardangervidda har mange sleper som kryssar vidda frå vest til aust. Dette er ferdavegar som vart brukt når vestlendingane drog austover med hest, storfe, smør og andre produkt for å selje på marknaden i Kongsberg. På 1800-talet starta for alvor stølsdrifta på vidda og denne utnyttinga av beiteressursane var vanleg til om lag 1940. Dei seinare tiåra er det sauen som har brukt fjellbeita.

Turisthyttedrifta har også lange tradisjonar på vidda. Krækkja vart opna i 1879 og Sandhaug i 1890. I dag er nettet av turisthytter avgjerande for at mange tek lange turar i påska og sommaren på Hardangervidda. Jakt, fiske og friluftsliv er no den viktigaste bruken av Hardangervidda.

På Hardangervidda held Europas største villreinstamme til. Stammen har tusenårig historie. Første halvdel av 1900-talet har villreinen blitt blanda med dyr frå tamreindrift. Likevel er villreinen sjølve ursymbolet på Hardangervidda og Noreg har eit internasjonalt ansvar for å ta vare på villreinen. Reinen har alltid vore på vidda og slik skal det vere i all tid. Reinen er ein viktig ressurs for bygdefolket, både som kjøt og som inntekt ved sal av jaktkort. Særleg viktig for framtida til villreinen er det å sikre trekkvegane og vinterbeitearealet.

På vidda held Europas største villreinstamme til.

Fjellreven er ein truga art. På Hardangervidda kan ein vere heldig å få sjå han. Snøugla er ein anna karakterart som høyrer til i nordlege alpine fjellområde. Tidlegare var det vanlegare å sjå denne særeigne kvite ugla på vidda. No er det berre enkeltindivid som stundom kjem trekkande frå nordaust.

Se også nettside av Per Bremnes
http://www.nordmannsslepa.no

Visning

Vi er på fjellet når du har tid!

Bestill en uforpliktende visningsrunde på Vegglifjell. Vi har den lokale kunnskapen og oversikten over mange av fremtidsplanene på Vegglifjell

For deg skal alltid Vegglifjell være «et godt sted å være

Ditt navn

E-post*

Emne

Melding*